I USA vil elevane bli fordelte på forskjellige klassar alt etter kva fag dei ønskjer å ha, slik at all kommunisering og undervisning vil gå føre seg på engelsk.

Skulen i USA tilbyr fag på nivå med våre programfag slik at elevane kan byggje vidare på dei når dei kjem attende til Noreg.

Nokre av faga våre, som t.d. samfunnskunnskap, har ikkje noko tilsvarande i USA, så her har St. Paul laga eit eige opplegg.
Dette opplegget er godkjend av våre lærarar i samfunnskunnskap, slik at elevane som vel dette faget, kan byggje vidare på det i vg3.